jun6

Brådlandstur med 1id

Skrevet av: Andreas Tid:11:48 Kategori: Annet

Brådlandsturen er en viktig tradisjon for første klasse idrett. Merkelig nok blir det alltid bra vær på denne turen, og det hele er en stor fornøyelse. Vi har fått et referat fra Henning, som sammen med Endre hadde nok en god dag på jobben.

Med SOL frå BLÅ himmel la vi i veg frå Brådland på veg mot øya i Nedre Brådlandsvann som skulle vere basen vår til neste dag. Padlegjengen måtte ta seg av Endre på vegen, medan gå-gjengen måtte ha Henning på slep gjennom heia. Spaninga hjå sistnevnte var stor på om Brådlandsharen ville dukke fram frå skogen. Den normalt så fredlege øya vart denne ettermiddagen forvandla til ein «leikeplass» med GLADE og SMILANDE ungdommar på tur! På programmet stod mini-mini padlekurs, kart- og kompasskurstest, rigge leirplass, lage mat, bading, kanovelt, fisking, adjektivhistorie, dramastykke osv. Torbjørn og hunden Tassen gledde oss med eit besøk utpå kvelden!

Tysdag vakna vi til SOL, og tradisjonen tru var det óg dette året nokre erfarne tur(lærarar) som hadde teke med seg egg og bacon til frukost… Padlegjengen frå dagen før skulle ta bein fatt over heim, medan vi andre såg fram til å gli over det stille vatnet. Etter om lag 900 meter med kanopulling i ulendt terreng, er det ein fryd å kunne sette kanoen på vatnet og padle over det vakre Hellevann.