okt13

Haustferien 2010:Rondane

Skrevet av: Andreas Tid:00:13 Kategori: Annet

Det heile byrja for lenge sidan. Me visste tidleg i første klasse at me skulle på tur “neste år i haustferien”. Rondane blei nærare bestemt ei eller anna sein natt i eit telt på ein av turane til Håkon og Adrian. Me skulle til Rondane, og i byrjinga var det berre eit namn med nasjonalromantisk klang.

Ord og bilder: Håkon Madland

Allereie den første uka av årets skuleår sendte me ut Facebook-meldingar og inviterte alle (gutar, vel og merke) som me trudde hadde lyst å vera me til Rondane. Av alle som fekk melding satt me til slutt att med seks staute karar. Fire frå 2id: Magnus Løvland, Lars Olsen, Håkon Madland og Adrian Sunde. Me fekk òg med oss 2 frå 3id: Henrik Gard og Morten Sagstad. Eit turlag var samla, og ein draum nærma seg virkelighet.
Etterkvart i planleggjinga nærma turen seg med stormskritt. Tida på KVS-Lyngdal går alltid fort, og tida fram mot turen var intet unntak. Alt frå togbillettar til turustyr og mat kom på plass og torsdag 30. oktober reiste med mot Rondane og dagen etter sto me i utkanten av Rondane nasjonalpark, allereie imponert over utsikta frå parkeringsplassen. For ein tur dette skulle bli! Humøret var på topp hos alle dei seks staute.

Dei fem første dagane på turen regna det og med tjukk skodde var òg sikten dårleg. Dette var sjølvsagt ikkje draumen, men ein kan ikkje gjera anna enn å nyte at ein er på tur og leve i “nuet”. Sjølv om vèret er dårleg, er norsk natur like tidlaus og byr på mange fine stunder i skallbekledningen eller i teltet. Me fekk mange gode samtaler i teltet, lest ei bok (eller to), sunge ein sang, høyrt ei lydbok og spelt ein runde reiseludo. Desse dagane kvar det var så tjukk skodde, måtte me ta meir med ro enn planlagt og istedenfor utsikt frå høge fjell opplevde med dalar og mykje flott natur. Ein topptur til Rondslottet blei det, men i kraftig vind og sludd måtte me snu. Regnværet tok oss med på ein rundttur i Rondane, rundt fjella og me koste oss me det. Den femte natta tok med inn på ei turisthytte kvar med fekk tørke våte klær og spelt ein runde monopol til stor glede for gjengen, som byrja å få nok av ludo i innerteltet.

Då me satte kompasspila vest 6. dagen og hadde gått ei lita mil, fekk me plutselig vite i lunsjen at vèret skulle snu! Det vart stor stemning, og me satte opp teltet i nærleiken av eit lite krypinn, Ljosåbue, kvar me fekk ly for regn og vind og me laga middag her seinare på kvelden. Då me la oss denne 6. kvelden regna det meir enn nokon gong og dei fleste tørrde ikkje eingong håpe på fint vèr. Men då me vakna ved soloppgang neste morgon, utan at teltet bråka i vind og regn, vart jubelen enorm. Me sprang ut i bare stilongsen og såg kor nydeleg natur me hadde vandra 5 dagar i utan å sjå meir enn neste raude “T”. Denne dagen tok for me for alvor i bruk, og me gjekk heilt tilbake til Rondslottet og klatra opp til me var over 2000 meter over havet. Sjølv om me ikkje kom heilt opp til Rondslottets 2154 m.o.h. var dette ein nydeleg dag som eg trur me seint vil gløyme. Me gjekk i alt 3,5 mil denne dagen. Neste dag var like fin, men dette var ein velfortent kviledag kvar me brukte dagen på å sjå på utsikten frå campen og bare nyte livet i fantastisk flott natur. Det var lett og kose seg når Rondane viste seg i sin aller flotteste haustdrakt.
Det er ingen tvil om at denne turen gav oss mange utfordringar, og at me har løyst desse utfordringane godt. Alt i alt var alle 6 seks nøgde med turen, og det faktum at 6 ungdommer med heilt forskjellige ambisjonar, ferdigheiter og erfaring kan kose seg så mykje saman heile haustferien er ein prestasjon i seg sjølve. Ein slik tur skapar godt miljø.
Til slutt vil eg på vegne av gjengen komme med ein takk til KVS-Lyngdal som gjer oss sjansen til å låne utstyr; to telt og to primuser med kjelesett for å nevne noko. Skulen er også det som har brunget oss saman, og får bare 1 år sida kjente me ikkje kvarandre. Og no har me vore på langtur saman. KVS er ein velsigna skule.
Nyt bileta.