Mange nye søkere lurer kanskje på hva som skjer her på Kvs i helgene. Våre gode miljøabeidere er flinke til å lage program, men svaret er egentlig at det er veldig opp til deg selv! Vi har fått en rapport fra Håkon og Adrian og oppfordrer alle til å la seg inspirere og bruke mulighetene!
Fredag 12. mars
Etter ei lang kollektiv reise frå Lyngdal til Kristiansand og ein biltur frå Kristiansand var me endeleg på Ljosland, for andre gong denne vinteren. Sist gong var me tre unge karar som skulle på tur, men denne gongen var det to unge karar som hadde pakka sekkane sine med telt, sovepose, primus, liggjeunderlag, mykje god mat, fotposar, spader og ski etc. Me gjekk omlag 2,5 timer fredags kveld kun med hovudlykter og nokre sjenerte stjerner som ljos. Samtalen gjekk lett under heile marsjen. Tunge sekkar og litt dårleg feste var ikkje nokon demping for forventningane og gleda over å vera på tur. Me sette opp teltet eit stykke oppe i fjellet (Skori for dei som er kjente i området), slik at morgonutsikta skulle ble best mogleg.
Lørdag 13. mars
Etter nokon gode og fortente timar på skinnfellen, var det tid for frukost. Eggerøre har allereie blitt ein klassikar for oss, og etter eit par tjukke skiver med eggerøre pakka me ned teltet og sette kurs mot Skori, og dagens fyrste toppstøyt.
Vi fant fort ut at toppturane me hadde planar for ville vere veldig vanskelege og gjennomføre. Det blåste noko heilt ekstremt, og med store sekkar greidde med omtrent ikkje å stå oppreist der det ikkje var ly for vinden. Me greidde rett og slett ikkje og nå toppen i så sterk vind.
Me bestemte oss for å gå over fjellet, for å sjå om det var mogleg å støyte eit anna fjell eller gå opp på Skori frå ein annan kant. Det viste seg å vera vanskeleg. Etter eit par timars vandring i sterk vind, byrja me leite etter eit nokolunde vindstille sted. Klokka 1400 var me ferdige me campen for andre natta, og tomatsuppe til lunsj smakte godt etter mange timers skigåing og graving. Etter lunsj gjekk med ein tur til fots opp eit par hundre høgdemeter, for å sjå på utsikta i skumringa. Det var lettare og halde balansen i vinden utan ski og sekk.
Etter kvart som me kom i soveposen kom vi fort inn på temaet vi har snakka om så mange gonger før, draumar om fjelltoppar og endelause vidder. Ein god samtale i innerteltet, fyr i primusen og ein varm sovepose er det veldig lite som kan måle seg med.
Sundag 14. mars
Etter ein relativt tidleg kveld på laurdagen (vinteren er ei mørk årstid), var me opplagte og klare for siste etappe på turen vår, nemleg heimreisa. Denne sundagen var fantastisk flott, og det blåste heller ikkje like mykje som det gjorde på laurdagen. På veg heim gjekk me over fjellet igjen, men denne gongen hadde me ikkje tid til eit toppstøyt noko som var synd i det fantastisk klare veret. Likevel kom me oss opp på ein litt mindre topp og sto lenge utan og sei noko, bare nøyt Guds fantastiske natur. Eit par sjølvutløysarbilete blei det også, noko som er særs kjekt for ungdommen.
Til slutt må me bruka anledninga, og takke verdas beste skule, KVS-Lyngdal, for lån av telt, spader og primus. Utan dykk hadde me ikkje komme oss ut på tur!












