apr2

Stødig bordtennisbord?

Skrevet av: Naturbruk Tid:09:35 Kategori: Annet

img_6992Ein gjeng i 2.klasse naturbruk jobbar hardt for at andre skal ha det fint. Dei har rydda og ordna heile året, og no lagar dei eit nytt  bordtennis bord. Det er av den solide typen.

Nokre bordtennis bord kan leggast saman og flyttast. Det nye bordtennisbordet på KVS kjem ikkje til å bli så lett å flytta. Elevane har hatt i oppgåve å laga forskaling og armering til bordet. Og i går kom Kvinesdal betong med hovudingrediensen: Betong. Det nye bordet skal stå i parken slik at elevane kan nyta sola og sjølufta, og samtidig slå eit slag bordtennis. Kanskje kan dei også grilla i ein av dei nye grillane som også vart støypte i går? Det vert ein fin vår på KVS!