feb4

Tre barn på KVS Lyngdal

Skrevet av: Andreas Tid:00:00 Kategori: Annet

Sigurd Olav1 192 - Kopi (2)

Noen familier har vært godt representert her på skolen opp igjennom, til glede for både Kvs og dem som sender barna sine hit. Vi har bedt familien Olsen om å skrive litt om hvordan det har vært å se tre barn dra på internatskole i Lyngdal..For oss har Lyngdal vore kjent så lenge me kan hugsa, både som jordbruksskule, bibelcamp og nå seinare som KVS. Me kjem frå bondefamiliar på Jæren, og då er vel det nokså sjølvsagt. Det er viktig for oss at alle dei 6 barna våre tek ei utdanning. Kva det blir og kor det blir får den enkelte stort sett velja sjølv. Dei tre eldste gjekk på vidaregåande på Nærbø, så dei budde heime på Ogna. Me bygde på huset for å ha god plass til alle. Nummer to, den eldste jenta tok likevel påbygg på KVS Lyngdal. Ho var då 18 år og ho måtte sjølvsagt få gjera som ho ville. Trivselen var god sjølv om kjærast og helgejobb på Jæren drog henne heimover nokså ofte.

Nummer fire, Signe, kom i 10. klasse, og ho ville gå på vidaregåande i Lyngdal. (Det var ikkje bare for å koma bort frå foreldra….) Då måtte ho altså flytta heimefrå som 16 åring. Me var litt skeptiske og lurte på om ho hadde fått god nok ballast til å ta det ansvaret. Me diskuterte det med henne, og våren i 10. klasse måtte ho nytta til å overbevise oss om at ho var ansvarleg nok til å dra til Lyngdal.
Det var stor glede då ho fekk plass på idrett. Ho og ei klasseveninne frå Ogna skulle få bu i lag. signeliten3Me såg glede-stjerner i augo hennar og tenkte med oss sjølv: det vil nok roa seg etter kvart, bare ho ikkje blir skuffa. Nå er ho russ og augo strålar framleis.. På førehand snakka me om at sidan ho skulle gå på internat skule, var det viktig å vera ein del av miljøet der. Då kan ein ikkje reise heim mest kvar helg. Ho kom inn i eit godt miljø, og ho fann fort nye, gode venner. Klassen verkar positiv med godt miljø for læring, trening og fellesskap. På idrett er det mange turar under vekslande ver og føreforhold. Det gir dei mange gode opplevingar og god trening i samarbeid.
To gonger i året vert me innkalla til foreldre-dag, der det er samtale med lærarar, fellesinformasjon og festmåltid. Der er gildt, og me får god informasjon. Fleire av lærarane veit korleis elevane fungerer både i skule og fritid. Dei viser omsorg for heile mennesket, og lærer barna våre å ta vare på seg sjølv. Miljøet på skulen kjem mykje an på kven som går der, men skulen set ein god standard for korleis dei vil at miljøet skal vera, bl.a. med gode aktivitetstilbod på fritida. Signe likar å vera med på det meste, så den største utfordringa har nok vore å få nok timar under dyna.

15539_197824232311_685282311_3652979_4776200_nNummer fem i rekka, Lars, er to år yngre. Han vart nok inspirert av systera og han var snar til å seia at han også ville gå på idrett i Lyngdal.
Han kjende ingen andre som skulle begynna i Lyngdal dette året. Det var nok godt for både han og oss å vita at han i alle fall hadde ei syster der. Dei fyrste dagane var han ofte gjest hos henne, men etter kvart vart det helst bare aktivitetar ilag med andre i klassen. Han hadde søkt om å få bu åleine, men då han kom til skulen i haust, var han plassert på tomannsrom. Det var nok eit lite sjokk akkurat med det same, men han kom fort over det og han har funne seg godt til rette med romkameraten. Faktisk ser han nå på dette som eit gode. Dei har godt fellesskap og lærer å ta omsyn til kvarandre.

KVS er ein kristen internatskule, og for oss er det godt å vita at det skulen står for er i tråd med våre verdiar. Skulen gir ein god påverknad, samtidig som dei har respekt for den enkelte ungdommen sine eigne val. Dei inspirerer til gode aktivitetar for heile mennesket. Internatskule er ein glimrande mellomting mellom det å bu heime og det å bu på ein hybel. Der får dei alle måltida og dei blir passa noko på, samtidig får dei fridom og må ta ansvar sjølv. Det kan vera godt å koma bort frå heimen for å læra å stå meir på eigne bein. Det å få avstand til heimen kan også gje eit nytt og kanskje meir positivt syn på opphavet.

Me tykkjer at ungdomane våre har vald gode skular når dei skulle flytta. Det gjer det lettare å sleppa dei ut. Me såg kor positivt året på KVS Lyngdal var for eldste jenta, og det gjorde det lettare å sleppa den minste då ho var tri år yngre.
Så for oss har det ikkje vore så veldig vanskeleg å sleppa barna ut or reiret. Det har kanskje også samanheng med at me har mange; det har alltid vore nokon igjen heime. For tida er det bare minstemann på 11år. Han antyder allereie nå at han vil gå i Lyngdal, og med dei gode erfaringane me har med dei andre, så ser me ikkje så mørkt på det.