3. klasse Naturbruk har nettopp kommet hjem fra en ukes tur til Finnmark. Opplevelsene stod i kø, og de har mye å fortelle. At de har hatt en fin tur er det ingen tvil om..
Tirsdag
Denne natta gjekk med på å sitta på toget til Oslo. Ikkje alle fekk like mykje søvn, nokon blei vekt av paparazzi fotografer, me syns synd på dei som delte vogn med oss.
Onsdag
Framme i Oslo tidleg om morgonen, bar det videre til Gardemoen og flyet. Alle kom seg greit gjennom sikkerhetskontrollen, og videre inn på flyet.
Framme i Alta fekk me i oss noko etterlengta mat, mens me venta på taxien. For nokre blei denne ventetida litt lengre enn planlagt. Basen vår i Alta var Øytun fhs. Tida før middag blei brukt til å leka slakt, noko dei fleste har talent til. På kvelden såg me filmen “ein ubehageleg sannhet” av Al Gore, før me stupte i seng.
Torsdag
I dag gjekk ferden til Honningsvåg. Her var me bare ein kjapp tur inn og snudde ved den viadaregåande skulen, og handla litt på Rema. Nokre kjøpte seg eit brød og ein liter H-melk, mens andre kjøpte taco. Så kjørte me til Gjesvær, her stod “Ola bird safari” klare. Arild hadde lova oss i det vida og det breia om at alle skulle få ny personleg rekord på fisk. Samla fekk klassen fire fiskar. For å få nok til middag fekk me fisk, rogn og lever av fiskerane.
Me fekk sett knivskjellodden, nordkapp,sel og nokre tusen fuglar
Dei fleste fekk kjenna på havlukta og testa ut sjøbeina. Nokre blei ekstra glad når me var på fastland igjen.
På vei til Honningsvåg igjen, var me innom Nordkapp. Her blåste det og var kaldt, likevel var nokre litt tøffere enn andre og testa sommerbrisen.
Middagen var planlagt klokka fem, men den planen klarte me ikkje å fullføra. Så etter at nokre av oss hadde fått fagbrev i filitering var det endeleg klart for mat. Klokka var då rundt halv 11.
Fredag
Me starta dagen klokka fem om morgonen. Utan frokost spaserte me ned til kaien, der hurtigruta Nordkapp låg å venta på oss. Nokre fant ein sofa å sova på, mens andre sette seg til rette i badstua. Framme i Hammerfest høyrde me på eit foredrag av miljøvernrådgiveren, og fekk ein omvisning i gjennreisingsmuseumet. Etter museumet gjekk me på peppes for å eta. Det blei også tid til ein liten handletur. Etterpå tok me snøhvitekspressen tilbake til Alta og Øytun
Lørdag
I dag var me på besøk på ein delvis økologisk gard. Der dreiv dei med økologiske settepotetar. Dei hadde blandt anna også Norges nordlegaste skurtreksar.
Etterpå bar det av garde til Alta City. Der kunne me gå rundt å gjera det me ville, nokre av oss gjekk og åt. Her fekk me selskap som åt opp restene, og Arild kjøpte seg ein kaffe mokka ( sin første). Bordet var okkupert av KVS elevar resten av tida.
Vidare var me på Canyon Husky. Der helste me på hundar og fekk sitta på med hundespann og køyra sjølv.
Etterpå fekk me besøka Alta iglohotell. Det var utroleg fasinerande. Temaet der i år var polfararar, og dei hadde isskulpturar av Nansen og Amundsen med fleire. Hotellet hadde ei brudesuite, kapell og rundt tretti soverom. Hotellet kosta omkring ein million å byggja, og det gjekk så vidt rundt. Det var for det meste folk frå England som gifta seg her.
På kvelden åt me, og såg filmen “Forrest Gump”.
Søndag
I dag var dagen for å slappa av, ingen program å følge. Etter at alle hadde kome seg opp og åte frokost tok me turen ned til bowlinga. Her møtte Svanhild sine beundrarar. Tre “hakkespettar” frå Finland. Hu trudde hu måtte passa på oss, men det var heller me som måtte passa på hu i dag. På kvelden var nokre av elevane og Svanhild og Arild på møte på Alta bedehus. Der var det trekkspillsong, tale og rundstykker med heimelaga jordbærsyltetøy å finna. John og Halldor song to songar på møtet.
Mandag
I dag gjekk ferden til Kautokeino. Her besøkte me Den samiske vidaregåande skulen. der me fekk me ein såkalt enkel lunsj (som var ganske avansert og god) og ein historisk omvisning.
Me hadde ein tur innom eit reinslakteri før me tok turen ut til vidda. I ein lavvo fekk me servert samisk bryllaupsmiddag. Alle som ville fekk testa adrenalinet på snøscooter, det gjekk vanvittig fort! Det var nok mange som vurderte å flytta til Finmark etter dette.
Tirsdag, 1 april
Dette var den dagen folk absolutt måtte vera tvilsomme til kva som kom ut av Arild sin munn. Likevel var det nokte som gløymte seg ut når det kom ein travel kar å banka på døra tidleg på morgonen. Dei fekk beskjed om at me måtte ta eit tidlegare fly, og at dt var innsjekking på Alta flyplass om 25 minutt. Dei kom seg fort opp den dagen. Etterkvart som hovuda klarna til, kom dei fleste på kva dag det var. Nokre drog på smilebåndet, mens andre køyrte ein episode av morgongrettenheit. Stikkorda for resten av dagen er buss, fly, tog og 13 timar. 
Marita og Marianne, 3NA
