Lyngdal Landbruksmuseum er i den gamle driftsbygningen til KVS-Lyngdal (Lyngdal Jordbruksskole). Her får du sjå gamle hestereidskapar, vogner, sledar, jordarbeidingsutstyr, hausteutstyr, utstyr i samband med korndyrking og mykje meir i 2.etasje. I 1. etasje er det sett opp og innreia eit gammalt fjøs, ei gammal stove med kjøkken og kammers, utedo, bryggerhus-avdeling og snikkarbu. Du finn og ein avdeling med meieri-gjenstandar, diverse i tilknyting til husflid, smieutstyr, dyre-feller og mykje anna. Gjenstandane er frå 1700-talet og framover til vår tid.
