okt28

Småviltjakt på Bygland

Skrevet av: Naturbruk Tid:14:34 Kategori: Jakt, Naturbruk


 Skog og friluftsliv partiet i 1NA har vore på småviltjakt. Det vart både action, kos og flott natur!

Det pratast ivrig i jaktradioen, utolmodige elevar og ein lærar vil vita korleis det går med hundeførar Arne og hunden. Dreveren Caspar har leita etter haren ei stund, no får han endeleg pus på beina og ivrig hundeglam spreier seg i terrenget. Dei fer rundt i dalen i god fart. Haren med sine lange bein har full kontroll på hunden som kjem halsane etter. Med eit vert det stille, haren klarer å lura Caspar og kjem seg unna. Berre lærar Jon fekk eit lite glimt av haren før han forsvann.

Litt lenger opp i terrenget var ein annan del av klassen ute med fuglehunden Vilma. Med stor fart støvsugde Vilma terrenget på leit etter orrfugl og hare. Det gjekk ei stund før me fant fugl for dei sat høgt oppe i terrenget. Plutseleg kunne me sjå det oransje dekkenet til Vilma, ho stod heilt stille i eit kratt. Skyttarane lada opp og me sneik oss oppover i krattet. Før me var på skothald letta fuglane, to orrfugl berga livet og to adrenalin fylte gutar måtte ta skota ut av børsa igjen.

Etter ein kjapp lunsj, alt for lang i følgje enkelte jaktglade gutar, sette me i gang på nytt. Ei gruppa gjekk på støkkjakt nede i skogen. Det resulterte i to kjappe skot og to Orrfugl til Oddbjørn. Gratulera! Me andre tok sekkene og Vilma med mot hytta der me skulle overnatta. Nesten inne ved hytta vart det på ny stand. Denne gongen gjekk alt som det skulle, nesten. To skot smalt og det vart hol i lufta, orrhøna flaksa vidare på friske vinger.

På kvelden vart det middag og hyttekos med quiz før 16 trøtte tobeinte og to hundar la seg til å sova i ei varm hytta. Utanfor herja vinden og årets fyrste snø la seg på bakken. Ein kjapp frokost og litt hyttevask var alt som skulle til før me var klare for ein ny jaktdag. Litt snø gjorde kvite ryper meir medgjerlege og Helge kunne debutera som rype jeger. Det vart sitt mykje fugl i løpet av dagen, men det er mykje som skal klaffa om det skal bli fugl i sekken. Status når me hadde grilla pølsa på bålet og sett oss i bussen for å reisa heim var som følgjande. To orrfugl, ei rypa og ein klasse som berre hadde ein negativ ting å sei om turen: me skulle vore her heile veka!!