No nærmar det seg vinter, den fyrste snøen er komen, og han har smelta igjen. For enkelte set skifeberen inn for alvor ved fyrste snøfall. Andre gleder seg til lange kveldar med kakao og film, men kva gjer skogbruksgjengen i 2NALG?
Elevane har bytta ut fjellsko og Gaustatoppen med vernesko, skogshjelm, traktor og vinsj. Når vinteren kjem er det tid for hogst, men fyrst må dei læra å bruka traktor, vinsj, tømmerklo og tømmervogn. Lennart har laga til 4 øvingar slik at alle skal vera klare når turen går ut i skogen. Det ser ikkje ut til at det er lenge til. Her er nokre bilete frå økta.
Foto: Møyfrid Ulland






